Reisa

Ei novelle av Virgilio Pinera.

Frå novellesamlinga "Kaldt fortalt". Omsett av Tove Bakke

 

Eg er førti år gammal. Det er ein alder då alle avgjerder er like gode. Eg har bestemt meg for å reise utan rast eller ro heilt til døden meg kallar. Eg kjem ikkje til å reise ut av landet, det er det inga meining i. Vi har godt vegnett her, fleire hundre kilometer med veg. Landskapet på begge sider av vegen er vakkert. Sia avstandane mellom byar og landsbyar er relativt små, slepp eg å overnatte på vegen. Ja, la det vere heilt klart:  Reisa mi kjem til å vere gjennomtenkt frå frå ende til annan. Eg ønskjer å planleggje alt, slik at eg kan stige av på faste punkt undervegs for å ete og gjere andre nødvendige menneskeleg ærend. Sia eg har godt med pengar, kjem alt til å gå på skjener, som det heiter . . . .

Sjøl "går eg på hjul", nærmare bestemt i barnevogn. Den skal skubbast av ei barnepike. Og med utgangspunkt i at ei barnepike trillar ungen rundt i parken om lag tjue kvartal til saman utan teikn på utmatting, har eg langs ein tusen kilometer lang veg postert ut eitt tusen barnepiker, med utgangspunkt i at tjue kvartal à femti meter utgjer ein kilometer. Kvar barnepike, ikkje kledd som barnepike, men som sjåfør, skubbar barnevogna i moderat fart. Når ho har gjort unna sine tusen meter, overlèt ho vogna til den barnepika som er sett opp på dei neste tusen metrane, helsar meg respektfullt og går.

I førstninga stimla folk saman etter vegen for å sjå meg passere. Kva har eg ikkje måtta høyre av kommentarar. Men no (og eg har nok alt trilla på denne vegen i ein fem års tid) er dei ikkje interesserte i meg lenger. Det er som med dei ville og sola, folk ser på meg som eit naturfenomen . . .  Sia eg er svært begeistra for fiolinspel, har eg kjøpt ei ekstra barnevogn, der den verdskjende fiolinisten X av og til tar plass for å forlyste meg med sine vedunderlege vakre melodiar. Når dette skjer, plasserer eg ut ti barnepiker som har til oppgåve å skubbe fiolinistbarnevogna etter vegen. Ikkje meir enn ti barnepiker, for meir enn ti kilometer med musikk maktar eg ikkje. Men elles går alt på skjener. Rett nok hender det at stabiliteten til barnevogna mi er truga av enorme lastebilar som gneistrar forbi - ja ein gong var lufttrykket så sterkt at barnepika som hadde turnus, vart ståande halvnaken att. Små hendingar som ikkje på nokon måte endrar avgjerda mi om å vere på reise livet ut. Denne reisa har vist meg kor feil eg tok når eg gjekk og venta meg noko av livet. Denne reisa er ei openberring. Eg har då også oppdaga at eg ikkje er den einaste som har fått slike innsikter. I går, idet eg trilla over ei av dei mange bruene på vegen, såg eg den namngjetne banksjefen Pepe  sitje i ein kasseroll som sveiv sakte rundt, driven av ei kokke. Under neste rast kunne dei fortelje at Pepe, ikkje heilt ulikt meg, har bestemt seg for å bruke resten av levedagane sine til å reise i ring. Til dette har han tatt fleire hundretals kokker i si teneste; dei avløyser kvarandre kvar halve time, ut frå den erfaringa at ei kokke utan å slite seg ut kan lage til ein matrett på den tida. Tilfellet har vilja det slik at når eg kjem forbi i barnevogna mi, har Pepe, som sviv rundt og rundt i kasserollen sin, ansiktet vendt mot meg kvar gong, noko som tvingar oss til å helse høgtideleg på kvarandre. Ansikta våre strålar av tydeleg lykke.

(1956)


Tekst på bokomslaget:

Kaldt fortalt er eit utval noveller frå ein av Cubas mest sentrale forfattarar. Virgilio Piñera (1912 - 1979) skreiv historiene sine på ein tilsynelatande nøytral, liketil og beintfram måte, utan større geberdar og digresjonar - han fortalde dei verste ting som ingenting.

Virgilio Piñera var sterkt antiautoritær, og brukte fantasi, ironi og humor når han angreip dumskapen, det sjølvgode og dei mange undertrykkande mekanismane og holdningane - ikkje minst slik dei kom fram i dagleglivet til folk på Cuba.

Som forfattar, samfunnsborgar og privatperson var Virgilio Piñera ein som snudde opp ned på det meste, sette kropp over sjel og ånd, avskydde ideologiar og var kritisk til kritikarane.

I lyrikken var han særleg inspirert av Baudelaire og Valéry, og i prosaen finn vi slektskap med Kafka. Kritikarane gav han fort merkelappen eksistensialist og surrealist - men sjølv understreka han at han i så fall var det "på cubansk".


Virgilio Pinera: Kaldt fortalt. Noveller

Til norsk ved Tove Bakke

Omslagsdesign: Asbjørn Jensen, Valiant

Det Norske Samlaget. Oslo 2004 - ISBN 82-521-6202-9


Tove Bakke har omsett "Kaldt fortalt" til norsk

Tove Bakke blir festspeldiktar under Dei nynorske festspela 2009:

http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=16&id=7379

 

15.11.08

Hugen          Bokhylla