Thomas a Kempis i Bernt Støylen si omsetjing

Kapittel 57:

Eit menneske bør ikkje vera altfor modfallen

om han stundom fell i maktløyse

 

Son min!

Eg har større hugnad av at du er tålmodig og mjuklyndt i motgang

enn av at du kjenner deg storleg trøystig og gudleg i medgang.

Kvifor vert du så sorgfull for ein småting som er gjord eller sagt imot deg?

Enn om det hadde vore meir, burde du ikkje uroast av det.

Men no bør du lata det fara.

Det er ikkje første gongen, og ikkje er det noko nytt,

det vil heller ikkje verta siste gongen om du lever lenger.

 

Du er mannsleg nok så lenge ingen motgang møter deg.

Du veit òg vel å gjeva gode råd og styrkja andre med dine ord,

men når trengsel kjem til di dør, vantar du både råd og styrke.

Ansa på den store vesaldomen din,

som du rett ofte får kjenna når små motgangar kjem på.

Når slikt og dilikt hender, er det likevel for di frelse skuld.

 

Jag det så godt du kan ut or hjarta ditt,

og i fall det har råma deg,

så lat det då ikkje gjera deg modfallen eller binda deg lenge.

Ber det i minsto med tålmod,

om du ikkje kan gjera det med glede.

Endå om du høyrer noko som du ikkje likar og harmast for det,

så styr deg då,

og lat ikkje noko uhegdeleg ord gå ut av din munn,

for det kunne verta til freisting for dei små.

Snart vil den oppøste hugrørsla stogga,

og den indre sorg vil verta lindra når nåden kjem att.

 

Enno lever eg, seier Herren,

ferdig til å hjelpa deg og trøysta deg meir enn før,

så sant du vil lita på meg og kalla inderleg på meg.

 

Ver rolegare i hugen,

og væpna deg med større tålmod.

Alt er ikkje til fånyttes,

endå om du ofte kjenner deg nedtyngd

eller hardt freista.

Du er menneske og ikkje Gud,

du er kjøt og ikkje ein engel.

Korleis kan du alltid vera i same tilstand av åndeleg kraft,

når engelen i himmelen svikta,

og det første mennesket i paradiset?

Eg er det som hjelper dei sørgjande til frelse,

og fører fram til guddommeleg herlegdom

dei som lærer å kjenna si eiga vanmakt.

 

Herre, velsigna vere ditt ord,

det er søtare i min munn enn honning,

ja, honning som dryp frå voks-kakene.

Kva skulle eg gjera i all min store trengsel og angest,

dersom du ikkje styrkte meg med dine heilage ord?

Berre eg eingong nådde fram til frelse-hamna,

kva er det då å syta for det eg har lide

eller kor mykje eg har lide?

Gjev meg ein god ende,

gjev meg ein sæl utgang or denne verda.

Kom meg i hug, min Gud,

og lei meg den rette vegen til ditt rike!

 

Amen.


Thomas A. Kempis: Kristi etterfølging. - Til norsk ved Bernt Støylen

Det Norske Samlaget, Oslo 1964

Eit anna utdrag, gjenfortalt ved Jorulf Aarvoll: Fra Kristi etterfølgelse


 

 

Ingeborg Refling Hagen viser fleire gonger i sine bøker til Thomas A. Kempis. Her eit eksempel frå "Vi må greie oss selv", første band av "Livsfrisen":

"Det du ikke forstår når du leser boken, skal du forstå på besøkelsesdagen," sa Thomas A. Kempis. - Nå forstod hun dette ordet som moren så ofte brukte å gjenta. Visst var det rett. På den dagen en trengte det, kom det til en og hjalp en. Men en måtte jo ha hørt det engang.

10.04.09

05.03.09

Hugen          Bokhylla