Marit Kaldhol: Blondene gir seg ikkje Eit utdrag
Fingrane klamrar seg til rattet. Eg sit høgt i bilen, vinden slit i hår og klede. Dei våte fjøresteinane altfor nær. For kvar sving blir eg kasta over til sida. Eg konsentrerer meg om å halde bilen på vegen. Farten er høg. Vindstyrken aukar. Sjøen klaskar i asfalten. Akkurat i det ein måse stuper heilt nær, skjer bilen ut over sjøen. Bølgjene er mørkegrøne under meg. Eg slepper ikkje taket i rattet.
Eg ser bak. Gutungen sit der. Fastspent
i baksetet. Der løftar han ostebiten mot munnen
Vêret skiftar Han klarnar opp. Eg sit i
bikini på det vesle akterdekket. Nyt vinden. Det er ikkje ein bil,
det er ein kvit båt. Båten svingar. Styrer inn i eit sund som ser trongt ut. Eg bør reise meg. Bør ta styringa. Vêret er nydeleg, men sundet er ikkje meir enn eit par meter på det smalaste. Og med denne farten. Men eg blir liggande. Eg er fornøgd med bikinien, eg tar meg godt ut i han. Ungen er ikkje å sjå.
Det tronge sundet kjem nærare. Båten
siktar seg inn. Går rett på. Saktnar ikkje farten. Foto: Dagbladet
Marit Kaldhol: Blondene gir seg ikkje. - Roman. Det norske samlaget, 2006 - ISBN 82-521-6920-1 Marit Kaldhol på Samlaget:
Laura Djupvik i Nationen: http://www.nationen.no/kultur/article2393145.ece Stina Steingildra i
Bergens Tidende:
26.03.09 |