Ø

KVA BUSS-SJÅFØRANE SEIER INNI SEG KVAR TIRSDAG

tileigna dei som køyrer Tittelsnes-ruta

Av Einar Økland

 

kvar tirsdag vaskar kvar sjåfør bussen sin
inni og utanpå
nei vi er ikkje vaskekoner
men buss-sjåførar
men vaskar allikavel

buss-selskapet vil ikkje
vaskekonene skal få tak i
bussane deira
vaskekonene kunne nekte å gi dei frå seg
før dei fekk løyse-
pengar
det ville bli dyrt
                        ja
det ville bli dyrt
kvar tirsdag

<<< Til Æ   Til Å >>> 

       Om rullestein   Kjelder    Heim til Hugen