"«Flagget til topps» seier ein stor Wittgenstein-entusiast til oss i Luster kommune i dag. Det er stor interesse for kva vedtak kommunestyret gjorde i går i høve til kjøp av tomten, og me kan med glede melde at kommunestyret har inngått avtale med Rune Fuglesteg om kjøp av om lag 10 dekar kring murane etter Ludwig Wittgenstein si hytte ved Eidsvatnet." - Slik står det å lese på heimesida til Luster kommune i dag, fredag 19.april 2013.