Wittgenstein og "Dei tre einebuarane"

Wittgenstein var særleg glad i forteljinga "Dei tre einebuarane" (1886) av Leo Tolstoj. For han var forteljinga ein illustrasjon av alvoret og djupna i filosofiske problem.

------

Ein biskop som var ute og reiste til sjøs, møtte ein fiskar som peikte utover havet.

Biskopen: Kva peikar du på?

Fiskaren: Ei øy der det lever tre einebuarar.

Biskopen såg berre vatnet som skimra i sola. Men etter kvart såg han øya, og bad om å få kome dit nokre timar.

Han fann tre gamle menn som heldt kvarandre i hendene. Den eine var liten og smilte heile tida. Den andre var høgare, og sterk, vennleg og munter. Den tredje var høg og alvorleg.

Biskopen spurde: Korleis tener de Gud? Kva gjer de for å frelse sjela?

Den første einebuaren svarte: Vi veit ikkje korleis vi skal tene Gud?

Den andre sa: Vi berre tener og støttar kvarandre.

Den tredje sa: Den einaste bøna vi kjenner, er: "De er tre, vi er tre; vis nåde."

Biskopen smilte og brukte resten av dagen til å lære dei Fader Vår.

Biskopen vende tilbake til skipet og reiste vidare. Da det vart mørkt, sat han ved akterstamnen og speida utover sjøen, der øya hadde forsvunne.

Plutseleg såg han noko kvitt og skinande på den lysande stien som månen skapte i vassflata.

Lyset nærma seg raskt, heilt til han fekk auge på dei tre einebuarane som gleid bortover vatnet.

Einebuarane sa: Vi har gløymt bøna du lærte oss. Lær oss ein gong til å be!

Biskopen svarte: Bøna dykkar vil nå opp til himmelen. Det er ikkje opp til meg å lære dykk. Be for oss syndarar!

-----------------------------------------------------

Teksten ovanfor er henta frå boka "Wittgenstein for begynnere" av John Heaton og Judy Groves. Omsett til nynorsk for Hugen av E.K.  - Den norske utgåva av boka er gitt ut av Bracan Forlag og er omsett til norsk av Lars Holm-Hansen. ISBN 82-7822-030-1

 

index